Bømlo Soul Children med konsert for arbeidet mellom barna i slummen i Nairobi.

Bømlo Soul Children er eit barnekor frå 1-8 klasse, som øver i Bremnes kyrkje. Koret har haldt på sidan 2011 og har dei siste åra hatt omlag 35 medlemmer. På konserten samlet de inn kr 8000.

I tillegg er vi fleire vaksenleiarar; to dirigentar, ein lydteknikar, fem bandmedlemmer og foreldre som hjelper til der det trengs. Vi øver kvar onsdag frå 18:00-19:30 (dei yngste, 1-3. klasse held på til 19:00) og har det veldig kjekt i lag. 

 

På konserten 31. mai var det eit stort publikum, god stemning og givarglede. I tillegg til song og dans, var det ein kort presentasjon av Heart to Heart sitt arbeid i Kibera og Kawangware (Nairobi). Mange vart rørt av den flotte songen borna formidla. Og etter konserten var det tid for pølser og brus. 

 Torstein