Vennskapsforeninga Skodje Voi (Foreldreløse barn i Voi i Kenya)

Vennskap Skodje –Voi

1) Vi er i gang med prosjektet vårt! Dei innsamla midlane i 2012 frå faste givarar og gåver, gjer at vi no får etablert vårt lokale apparat i Voi. Snart får dei første 20 foreldrelause borna utdelt skulemateriell og uniform som er avgjerande for å sikre dei skulegong. I tillegg dekkjer vi eit varmt skulemåltid og naudsynte medisinar til desse borna kvar månad.

2) Foreininga Skodje- Voi er svært takksame for den store gåva frå Skodje Kommune på kr. 10.000,- Årets julegåve til alle tilsette i Skodje kommune gjekk i år til vårt prosjekt i venskapskommunen vår Voi i Kenya.

3) Skodje Lions har også engasjert seg som fast givar- vi set pris på at organisasjonar også vil vere med å hjelpe foreldrelause barn i Voi.

Skodje si vennskapskommune er Voi i Kenya.

 

Fleier års kontakt har skapt vennskap mellom Skodje og Voi. Vi har eit ønske om å realisere vennskapsprosjektet, der venner hjelper kvarandre ved å gi foreldrelause born i Voi skulegong.

Dei foreldrelause borna bur i heim med nære slektningar eller gode naboar- dette skaper trygge rammer og ikkje minst: er i tråd med kenyanske myndigheitene sine ønskjer.

Vårt bidrag vert å skaffe midlar til innkøp av skuleuniform, sko, gymutstyr, ransel som alle borna må ha for å få gå på skule i Kenya. I tillegg får skulen dei går på betalt for å gi eleven eit varmt måltid og naudsynt medisinsk hjelp.

Vi har no starta opp arbeidet og samarbeidsparten vår i sør etablerar no faste rutinar for innkjøp og rapportering. Ganske snart vil dei første 40 borna skal no få skulemateriell og vona er at vi kan auke gradvis i løpet av 2013.

 

Kven samarbeidar vi med?

 

North- South Partnership Aid i Norge – dei har rekneskaps- og revisjonsoppgåvene for oss.

Set Your Roots Organization i Voi – vi har skrive samhandlinsavtale med dei- som vil stå for arbeidet der nede; Kartlegging, vurdering, tildeling og rapportering.

 

Korleis arbeider vi?

Det viktigaste er faste givarar som vil binde seg til å betale eit fast beløp pr mnd

(kr 200,- pr barn) eller valfritt beløp.

 

Gåver (som eingognsinnbetaling) er sjølvsagt også velkomne.

Å gi eit beløp til dette arbeidet kan vere eit Julegåvetips til den som har alt?

 

Pengane vi samlar inn vert overført til vår samarbeidande organisasjon i Voi som sørger for innkjøp, utdeling av utstyr og betaling til skulen for måltid og medisinsk hjelp.

 

Vil du vite meir om oss: du finn oss under orgnisasjonar på nesttsida www.gomerhuset.no

eller kontakt oss:

 

Monica B. Relling           Anne Vibeke Nesset           Kari Grindvik

40 47 25 59                           41 41 78 54                       99 70 58 56

 

For gaver til dette prosjektet bruk vårt kontonummer 1503 25 02366 og merk gaven.