Barna i Afrika har fått eit ansikt. Elev ved Møre Ungdomsskule skriver.

Åshild Hamnøy 8a har gitt oss dette stykket som en respons på misjonsuken på skolen.
Møre Ungdomsskule er ein kristen privatskule som ligg i Hatleholen i Ålesund.I veke 3 hadde elevane på Møre misjonsveke
for å samle inn penger, til ein liten organisasjon som heiter NSP-Aid.

 

Det står for North South Partnership Aid. Denne veka

bruker dei å gjere litt av kvart. Det landet dei samlar inn pengar til

er Kenya. Pengane går til ein skule som NSP-Aid har bygd i

Kiberaslummen i Nairobi i Kenya.

NSP-Aid

NSP-Aid er ein liten organisasjon som hjelper barn i blant annet

Kiberaslummen i Nairobi. Gunnar Hamnøy er operatør og daglig leder i

NSP-Aid, og reiser til Kenya fleire gonger i året for å hjelpe barn. NSP-Aid

samarbeider med ein organisasjon i Kenya som heiter Heart to Heart.

Møre skal samle inn pengar til to ovner i Kiberaslummen. Elevane ved

Møre Ungdomsskule har hatt ei veke der dei har brukt alle timar på å

forberede ein familiefest. Dei lagar eit tivoli, mat og eit opplegg for

familien. Målet er å samle inn 100 000kr til NSP-Aid.

NSP-Aid har fleire prosjekt i Kenya. Dei skal for eksempel bygge ein barnelandsby i ein liten by som heiter Voi. Den skal hete Malaika. Gunnar Hamnøy seier “Det er heilt fantastisk, ja det er det”.

 

Åshild Hamnøy 8a

Hamnøy

Ein elev frå Møre fekk i haust vere med Gunnar Hamnøy, og fleire elever

frå forskjellige videregående skular på Sunnmøre. Det som er spesielt

med denne jenta, er at Gunnar Hamnøy er farfar til henne. Jenta går i 8a

og heiter Åshild Hamnøy. Ho fekk oppleve dette med sin nærmeste

familie. Åshild var heldig å få reise med mor, far, søster, bror og farfar til

Kenya.

Når eg spør Åshild om kva som gjorde mest inntrykk med å sjå det

farfaren hennar hadde fått til så var det at ho fekk sjå det på ekte.”Det er

heilt fantastisk å møte alle barna, som har så lite og vi så masse, men når

du ser dei, lyser dei opp og visar att dei er takknemlige for at vi kom”,

seier Åshild. Ho tar eit blikk bort på oversikta på innsamla pengar til

NSP-Aid og smiler. Ragne Lillestøl var med til Kenya som ein elev frå

Spjelkavika vidaregåande skule. Ho sa noko klokt etter fyrste dagen i

Kiberaslummen. “Barna i Afrika har fått eit ansikt!”. 100 000 kr er mykje.

 

Måndag 12. januar kom Gunnar Hamnøy og Elisabeth Emblem og snakka

om NSP-Aid. Møre sette saman grupper. Dans/drama laga eit lite

dramastykke om ei dame som heiter Varda som kjem frå Kenya. Gruppa

dansa også til sangen Waka waka. Matgruppa lagde bønner, ris og

chapati, og selde det i kantina. På onsdag lagde dei afrikansk gryte og

som dei andre kunne kjøpe. Musikkgruppa sette saman eit band med

forskjellige instrument. Dette fortel Lea Ekroll Solberg, elev ved Møre

ungdomsskule. Snekkergruppa lagde ei imponerende bod på fem dagar til

å dele ut mat til besøkande.

 

Møre brukar og arrangere eit misjonstivoli for familien, målet er å samle

inn mest mulig pengar til organisasjonen dei har det året. Kunstgruppa

lagde kunst som har med Kenya og gjere. Det var for eksempel lerret

med bilder av afrikanske folk på, strikking og maling av Kenyaflagget. Til

slutt er det foto og media gruppa. Dei gjekk rundt på skulen og

fotograferte elevane, lærarane og intervjua folk.

 

Det er bra å sjå at unge hjerter forstår.

 

Vi snakka med ein elev ved Møre ungdomsskule om kva dei har lært. “Vi

har lært at det er viktig å hjelpe”, seier Kjersti Holen. Elevane synest at

det er viktig å tenke på andre. Dei har også lært korleis det faktisk er, og

kor vanskeleg dei har det. Mange skjønte at andre kan trenge andre si

hjelpa, og ikkje berre tenke på seg sjølv. Dei har lært at 4 kr har faktisk

nok og sei for barn som ikkje har noko. 4 kroner er nok til eit måltid om

dagen.

Det ser ut til at elevane ved Møre ungdomsskule har skjønt at det er

viktig å hjelpe andre, Eleven Åshild Hamnøy seier det slik: “No har dei

teikna ansikta til barna i Afrika”.

 

Åshild Hamnøy 8a

Kjelder:

https://www.nsp-aid.com/ 24/1-19

https://no.wikipedia.org/wiki/Gunnar_Hamn%C3%B8y 24/1-19