Leserbrev fra Geir Johnny Undal

Her er et leser brev fra Geir Johnny Undal som var med som representant fra Framnes VGS på åpningsfesten til Malaika Villages Faraja.

Lesarbrev frå ei misjonsreise til Malaika Villages Faraja

Eg er blitt utfordra av Gunnar og Per Gunnar Hamnøy til å skriva noko om opplevingane mine på Kenyaturen som eg deltok på 25. februar til 3. mars i regi av NSP Aid.
Grunnen til at eg og familien min deltok på denne turen, er at eg er lærar på Framnes Kristne Vidaregåande Skule i Norheimsund, Hardanger. Avgangselevane skuleåret 2016-2017 hadde som misjonsprosjekt å støtta bygginga av det dåverande prosjektet til NSP Aid og bygging av barnebyar, som etter kvart har blitt til Malaika Villages Faraja.(MVF)


Avgangselevane på Framnes det skuleåret stod for ei storstilt innsamling gjennom mange ulike tiltak, og sluttsummen vart på heile 1,2 millionar kroner. Som oftast vert slutten på eit slikt misjonsprosjekt markert ved at representantar frå mottakarorganisasjonen får overrekt ein symbolsk sjekk på avslutninga til avgangselevane. Slik vart det gjort også denne gongen, men hausten 2019 kom Gunnar Hamnøy tilbake til Framnes og kunne fortelja at no stod snart MVF klar og skulle opnast offisielt i slutten av februar 2020. Prosjektet var fullenda! I samband med besøket til Gunnar Hamnøy vart Framnes invitert til å vera med på den offisielle opninga 29. februar.

 

Eg var den heldige av personalet på Framnes som vart spurt om å reisa, og det var det ikkje vanskeleg å svara ja til! Ei misjonsreise til Afrika hadde tidlegare vore ein ønskedraum, og no fekk eg plutseleg sjansen! Kona mi og dei to yngste gutane våre på 16 og 18 vart med, og dette vart ei fantastisk oppleving for oss fire i lag.

Vi er så heldige at vi har to venefamiliar som bur og arbeider utanfor Nairobi, på Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM)/Scripture Mission si tomt Scripture Mission Conference Center (SMCC), der dei på ulikt vis er engasjert i NLM sitt arbeid. Før vi slutta oss til resten av NSP Aid-gjengen, besøkte vi desse i fem dagar frå 20. februar. Tiden med dei nytta vi til fleire flotte turar i nærområdet med m.a. safari i Nairobi nasjonalpark og tur på Ngong Hills. Det var gode dagar med ei fin «akklimatisering» til varmen som venta seinare i veka lenger ut mot kysten.

 

Tysdag kveld møtte vi Gunnar Hamnøy og resten av reisefølget vårt i Nairobi. Onsdag morgon gjekk turen med tog frå Nairobi til Mombasa og vidare med buss fram til basen vår på hotellet i Diani, heilt ved kysten utanfor byen Ukunda.

Ein av dei tinga som fort slo oss, er dei enorme kontrastane i landet, men sjølv dei fattigaste møtte oss med ein fantastisk gjestfridom som det var godt å oppleva!
For meg var det sjølvsagt ei spesiell oppleving å få vera med opp til MFV, fyrst torsdagen og så på sjølve opninga laurdag 29. februar med stor festivitas.

Det å få sjå huset til åtte gutar i 8-9-årsalderen stå der ferdig, og få møta gutane og «mora» deira Florence gjorde eit stort inntrykk! Der fekk vi med eigne auge sjå at det nyttar med misjon, og det er det stort å få vera med på! Vår overflod kan faktisk koma andre til hjelp på den andre sida av jorda!

 

Eg kjente på ei stor ære over at eg fekk representera Framnes denne brennvarme laurdagen i Kenya, med å opna det huset som har fått skiltet «Framnes Home» på veggen like ved inngangsdøra. Der bur det no åtte gutar som har fått ein ny start på livet. Dette vil forhåpentlegvis hjelpa dei til å ein gong verta ein ressurs for deira familiar, lokalsamfunn og kanskje til og med for heile landet som treng unge menneske med fagleg kompetanse og engasjement. Og var det ein ting vi lærte, og som ungane no kan fortelja videre så er det at: «God is good all the time, all the time, God is good!»

Takksame helsingar frå


Geir Johnny Undal med familie for at vi fekk vera med!