Tur til Kenya 2.-14.10.2014.

Turen er nesten fulltegnet, ønsker du å bli med må du være snar.
Vi planlegger gruppetur til Kenya 2.-14-10 2014 og turen går til Nairobi, Voi og Kysten. Vi kjører safari og ser på ville dyr i Tsawo West og Tsawo East. Vi skal besøke flere av NSP Aid sine prosjekter i Kenya, viser til program.

Tur til Kenya

 

med Gunnar Hamnøy og Per Inge Vik

2.-14. oktober 2014

 

                       

Dag 1: Fly til Kenya torsdag morgon 2. oktober. Med fly frå Norge (Vigra for oss på Sunnmøre) til Amsterdam og videre til Nairobi i Kenya. Fra Vigra 2.10 kl 06,30 og fremme i Nairobi 20,10. Vi blir henta på flyplassen av våre sjåførar og køyrde til vårt gjestehus for frokost og litt hvile.

 

Dag 2: Fredag 3. oktober. Vi ser oss om i Nairobi. Etter frukost og hvile besøker vi Karen Blixen sin farm, køyrer til Kibera og besøker eit barneprosjekt i regi NSP Aid. De vil få eit inntrykk av denne store og folkerike byen.  

 

Dag 3: Laurdag 4. oktober. På veg til Masaiane i Kiboko og Kilaguni Lodge. Etter frukost køyrer vi tidleg frå Scripture Mission gjennom Nairobi og sør aust på hovedvegen mot Mombasa. På vegen stoppar vi og besøker ein Masai-familie, etter å ha reist ca 150 km. Vi får møte nokon flotte, spenstige menneske (Masaiar) i Kiboko. NSP AS planlegg å bygge opp eit stort oppdrettsanlegg i Kiboko for oppdrett av tilapia.

Vi planlegg å vere framme på hotellet i Tsawo West, Kilaguni Lodge til lunsj. På veg fra hovudvegen til hotellet køyrer vi safari. Hotellet ligg midt i nasjonalparken, med ville dyr og flott utsikt mot Kilimanjaro. Den som ønskjer safarikøyring før det blir mørkt, har mulighet til det. Middag om kvelden.

                       

Dag 4: Søndag 5. oktober. Tsawo nasjonalpark og Mbolollo kyrkje Tsawo National Park er ikkje av dei største nasjonal-parkane i Kenya, men det ventar store opplevingar også her. Kilimanjaro med snø på toppen gir området sin spesielle skjønnheit og sjarme, og den sparsame veksten gjer det lett å finne dei ville dyra. Tsawo National Park er kjend for sine store elefantflokkar og rike fugleliv. Vi står opp tidleg denne dagen og køyrer safari (06,00) før frukost. Etter frukost køyrer vi rett til Mbolollo kyrkje, på vei til Voi. Mbolollo er ei kyrkje Gunnar Hamnøy har besøkt svært ofte og alltid vore godt motteken. Det er som å komme heim. Ei stor oppleving blir det for oss alle. Masse flott og engasjerande song. Vi køyrer til Voi Wildlife Lodge, der vi skal overnatte fram til vi reiser til kysten onsdag 8. oktober.

 

Dag 5: Mandag 6. oktober. Voi og Voi Wildlife Lodge.   Vi køyrer tidleg safari, (06,00) og etter safarien dreg vi tilbake til hotellet for å få oss frukost. Dette er eit godt hotell, og næraste nabo til Tsawo East National Park. Det er muleg å køyre meir safari mellom frukost og lunsj for dei som ønskjer det, eller gå rundt i Voi sentrum på eiga hand.

Ca kl.17 samlast vi til fest ilag med venner i Voi i lokala til Scripture Mission på Voi. Det kan ofte kome mange. Før festen kan de besøke radiosenteret og mediesenteret NLM har bygd opp på Voi. Vi besøker eit lite firma som produserer produkt av Aloe Vera av to flotte og inspirerende damer. Middag på hotellet om kvelden.    

                    

Dag 6: Tirsdag 7. oktober. Voi og Voi Wildlife Lodge.  Vi blir på Voi denne dagen, dei som ønskjer det kan få møte nokre born som får hjelp til skulegang med penger som foreninga ”Vennskap Skodje- Voi”, i samarbeid med NSP Aid, samlar inn. Vi kan planlegge meir, om det er ønskeleg i Voi, her er vi blant venner. Voi er Skodje kommune sin vennskapskommune.

 

Dag 7: Onsdag 8. oktober. Frå Voi til Mombasa/Diani. Dette blir ein flott køyretur, sør-austover frå Voi mot kysten og Mombasa. Mombasa er ei blanding av mange kulturar. Vi planlegg å stoppe der og ete lunsj før vi reiser med ferja, og videre sørover langs kysten til hotellet vårt. Det er muleg vi kan bo på Southern Palms Resort (dette er ikkje endeleg bekrefta). Det

er halv pensjon på dette hotellet. Det ventar nye eventyr på kysten, med kritkvite sandstrender, grøne palmar, asurblått hav, korallrev og mange flotte menneske.

 

Dag 8: Torsdag 9. oktober. Diani Beach og Faraja Childrens Home. Denne dagen planlegg vi å besøke ein barneheim for 24 foreldrelause born, eigd og driven av den lutherske kyrkja på kysten, med støtte av NSP Aid. (www.nsp-aid.com) Dette blir ei flott oppleving. Etter besøket køyrer vi tilbake til hotellet og nyt Det Indiske havet og sola.

                       

Dag 9-10: Fredag-laurdag 10.-11. oktober. Avslapping og feriedagar på hotellet.   Om nokon ønskjer å køyre rundt om for å sjå seg omkring eller besøke barneheimen meir, er det muleg. Det kan avtalast nærare. Det er godt berre å slappe av å nyte livet!

 

Dag 11: Søndag den 12. oktober. Vi planlegg å ta del på ei gudsteneste i ein av kyrkjelydane til den lutherske kyrkja på kysten. Siste kvelden.

 

Dag 12: Mandag den 13. oktober. Vi reiser fra Mombasa om ettermiddagen til Nairobi og videre hjem med fly fra Nairobi kl.22,25. Videre til ulike flyplasser i Norge.

 

 Alle som blir med må kjøpe sin egen flybillett med KLM.com

 

Pris på turen inkluderer:

  • Fly: Mombasa-Nairobi
  • All køyring i Kenya
  • Det er lagt opp til 2 overnattinger  på Scripture Missions i Nairobi med alle måltid på Scripture Mission.
  • Ei overnatting på en lodge  (Kilaguni Lodge, Serena hotell) i Tsawo West, med alle måltid.
  • 3 overnattingar på Voi Wildlife  hotell i Voi, med alle måltid.
  • 5 overnattingar på eit bra hotell på kysten. Ink frukost og middag.

 

Ikkje inkludert:

  • Visum til Kenya må betalast på flyplassen ved ankomst, $50
  • Adgang i Nasjonalparkane er 75  $ pr gong og pr person. Lagt opp til 2 besøk. Om de ønskjer meir, er det   muleg.
  • Lunsj onsdag den 8. oktober i  Mombasa.
  • Lunsj torsdag den 9, fredag 10, laurdag 11. okt og søndag 12. oktober og mandag 13.
  • Tips til sjåførene, ca kr 250  -300 pr person for turen. (dette er veiledande)

 

Litt info:

  • Nairobi er ein millionby og hovedstaden i Kenya.
  • Scripture Mission Nairobi er  senter for NLM sitt arbeid i Aust Afrika og skule for norske barn til  foreldre som er i arbeid i Aust Afrika.
  • Scripture Mission Voi er eit mediesenter med fokus på radio og bøker. Drt er også konferansesenter og      gjestehus, samt ei rekkje andre føretak.
  • Voi er ein liten by 350 km fra Nairobi og 150 km fra kysten, det bur ca 40 000 menneske i Voi-området.
  • Mombasa. Ein heilt spesiell  kystby med ei blanding av mange ulike kulturar, vi køyrer gjennom byen og      tar ferje til Likoni og køyrer vidare til Diani på kysten sørover langs storhavet.
  • Faraja Childrens Home er ein barneheim som kyrkja på kysten eig og driv, støtta av nsp-aid.(les meir om      dette på www.nsp-aid.com)

Vi har lagt opp til bra standard på overnattingar.

Vi håper å kunne tilby turen til ca kr 11 000. (dette må vi ta eit visst atterhald om, men erfaringa tilseier at det går greitt) Tillegg for enkeltrom: kr 2200. Prisen går opp om kuren på valuta endrer seg.Dere kjøper flybilletter selv utenom.

Betaling for turen må være gjort i god tid før turen. dere vil få tilsendt en faktura.


Land opplegget er i regi av  Jambo Tours i Kenya.


Arrangør og planleggar: Gunnar Hamnøy, Stampevegen 3, 6260 Skodje. Telefon 90865844

E-post. gunnham@online.no


Reiseleiarar på turen er: Gunnar Hamnøy, kjend frå mange turar til dette området, og sokneprest Per Inge Vik i Skodje, som har arrangert fleire kyrkjelydsturar frå der han var prest tidlegare.

 

Ved påmelding:

Vil du ha enkeltrom, meld frå om dette.

Reiser du åleine utan å ha avtalt kven du skal bu ilag med, oppfattast det som enkeltrom-bestilling.

Er det noko spesielt vi skal ta hensyn til ,å du si fra om det i god tid.