VENNSKAP PÅ TVERS AV LANDEGRENSER OG FOLKESLAG

Vi inviterer ALLE interesserte og givarane i prosjektet vårt til ein Kenyakveld på Gomerhuset, tysdag 8. april kl. 19.00. Der vil de få sjå bilde og høyre meir om turen vår og prosjekta våre. Velkommen!

Reisebrev frå Kenya, 12.-23 februar 2014                                                                    Vinterferien 2014 - sju damer frå Skodje på veg til Kenya. Etter ein lang flytur, landar vi i Nairobi torsdag morgon. Vi er trøytte og slitne, men likevel veldig klar for å bruke dei elleve neste dagane i Kenya. Nokre av oss har vore her før, nokre er her for første gong. Alle er spente og gler seg til det viktigaste av alt; nemleg å treffe våre kenyanske venner. Med åra er dei blitt mange; Defrodah, Hannah, Jemimah, Alice m.fl. Og vi blir ikkje skuffa. Dei møter oss i Nairobi, i Voi og i Mombasa. Det blir varme og sterke gjensyn. Møte med Afrika, Kenya og Voi har blitt skilsetjande, det er før og etter... 

Venner hjelper kvarandre. Ein kan ikkje lukka auga for fattigdomen i Kenya. I 2011 blei foreininga «Vennskap Skodje-Voi» starta. Føremålet med denne foreininga er å gi foreldrelause barn i Voi høve til å gå på skule. Gjennom ei givarordning skaffar vi barna skuleuniform, sko, skulesekk og eit varmt måltid kvar dag. Foreldra til desse barna er døde av HIV/AIDS, og barna bur no hos slektningar. Vår foreining er ein del av den større organisasjonen NSP-Aid. 

Dagane i Voi brukte vi m.a. til å besøke skulebarna i prosjektet vårt, og å møte dei som vi samarbeider med lokalt. Blide og mette barn i nye skuleuniformer og sko sette all tvil til side. Hjelpa når fram! Vårt lille prosjekt gjer ein forskjell, eit framtidshåp er skapt.

Vår storebror NSP-Aid har også sine prosjekt rundt om på det afrikanske kontinent. Vi fekk gleda av å besøke to av dei, prosjektet i Kiberaslummen i Nairobi og Farajah Childrens Home i Mombasa. Også her handlar det om å gje foreldrelause barn «ei hand å halde i» og framtidshåp. På begge plassane møtte vi menneska som jobbar med desse barna. Desse menneska har hjarte av gull. 

Kenya er eit vakkert land i Aust-Afrika ved ekvator. Når ein skal tilbakelegge meir enn 70 mil på elleve dagar er det nødvendig å ha privatsjåfør og eigen bil. Safari høyrer sjølvsagt med på ein slik tur. Vi håpte på å sjå ”The big five”, og blei ikkje skuffa. I Tsavo East og West såg vi løve, elefant, nasehorn, bøffel, leopard og mange fleire dyr. Eit magisk augeblikk fekk vi då løvinna plutseleg stod rett framfor oss. 8-10 meter frå bilen snudde ho på hovudet og såg på oss. Ho gav seg god tid. Slik stod vi i fleire minutt. Tida stod still, løva stod still og vi var stille. Nesten ei heilag stund i naturen. 

Kenya har mykje å by på. Vakker natur, kvite strender, mangfaldig fauna og flora, dyreliv og mykje, mykje meir. Alt dette har vi fått med oss. Men det var møta med menneska som sette dei djupaste spora. Blide, stolte menneske - med tru på framtida. Menneske som viste oss stor gjestfridom og hjartevarme. 

Takk for ein flott tur! Takk for vennskap på tvers av landegrenser og folkeslag. Takk til alle givarar i ulike prosjekt. Og til slutt; takk til dei andre i reisefølgjet vårt. Takk for ein safari som gav  minne for livet.

Vi inviterer ALLE interesserte og givarane i prosjektet vårt til ein Kenyakveld på Gomerhuset, tysdag 8. april kl. 19.00. Der vil de få sjå bilde og høyre meir om turen vår og prosjekta våre. Velkommen!  

Helsing Monica Relling og Anne Vibeke Nesset